Tilskot til distribusjon

Distributørar og salsagentar kan søkje om selektiv og automatisk distribusjonstilskot.


Denne ordninga er ein del av Kreativt Europa, MEDIA-programmet.

Distribusjon av europeiske filmar på tvers av landegrensene er eit satsingsområde i Kreativt Europa, MEDIA-programmet.

Selektivt distribusjonstilskot

Støtte til kinolansering av europeisk film til norske distributørar. Gjennom den selektive distribusjonsordninga kan grupper beståande av minst sju europeiske filmdistributørar frå ulike land saman med salsagenten søkje om tilskot til distribusjon av ein europeiske ikkje-nasjonal film.

Automatisk distribusjonstilskot

Gjennom den automatiske distribusjonsordninga kan filmdistributørar søkje etterhandstilskot for europeiske ikkje-nasjonale filmar som har vore i kinodistribusjon i Noreg. Kvalifiserte distributørar genererer fondsmiddel som skal reinvesterast i distribusjon eller produksjon av nye europeiske filmar.

Tilskot til online distribusjon

Støtte til prosjekt og tiltak som fremjar europeisk audiovisuelt innhald gjennom digitale plattformer. Ordninga gjev tilskot til tre ulike aktivitetar:
- Tilskot til marknadsføring av eksisterande VOD (Video-on-Demand)-tenester som fremjar europeisk innhald
- Tilskot til utvikling og produksjon av "digitale pakkar" beståande av europeiske verk
- Tilskot til nyskapande strategiar for distribusjon og promotering av europeiske verk og innovative publikumsretta tiltak

Ordninga er open for einingar (private selskap, non-profit organisasjonar, forbund, foreiningar, stiftingar, kommunar, etc.) som er etablerte i, og eigde av innbyggjarar frå, land som deltek i MEDIA-programmet.

Kinonettverk

Målet med denne tilskotsordninga er bl.a. å auke talet visningar av europeiske filmar på europeiske kinoar, og bidra til auka kunnskap og medvit blant barn og unge og bidra til nye forretningsmodellar som tek i bruk nye distribusjonsformer som igjen kan bidra til å gjere europeiske filmar meir synlege og auke publikummet.

Tilskot til kinonettverk

Kreativt Europa MEDIA-programmet

Kreativt Europa

Åpne kontaktskjema