Profesjonelle kunstnarar kan søkje frakt- og reisestøtte for deltaking i kunsthandsverksprosjekt i utlandet.
Den globale pandemien COVID-19 fører til fleire utsetjingar og avlysninger av utstillingar, messar og andre arrangement. Dette rammar òg norske og Norges-baserte kunsthandverkarar med prosjekt i inn- og utland. Det er stort sannsyn for at viruset kjem til å påverka kunstfeltet i lang tid framover. Ved planlegging av nye internasjonale prosjekt bør transport, reise og liknande blir bestilt med moglegheit for avbestilling. Norwegian Crafts tilrår alle kunstnarar å utvisa varsemd, og til å følgja kravet til norske helsestyresmakter, tilrådingar og råd.
Ordninga skal bidra til å skapa internasjonale moglegheiter for profesjonelle utøvarar på kunsthandverksfeltet gjennom deltaking i kunsthandverksprosjekt i utlandet av høg kunstnarisk kvalitet. Vidare skal ordninga bidra til å internasjonalisera norsk kunsthandverk ved å opna for auka kontakt, samarbeid med og kunnskapsformidling til fagmiljøer og andre relevante grupper i inn- og utland.
Kva kan du søkje støtte til:
Prosjektet må realiserast i utlandet.
Profesjonelle kunstnarar innan kunsthandverksfeltet. Kuratorar og skribentar/kritikarar som dekkjer kunsthandverksfeltet, kan også omfattast av ordninga når dei deltek i ei aktiv rolle på internasjonale seminar o l.
Søkjaren må vere norsk statsborgar eller vere busett i Noreg.
Norwegian Crafts administrerer Utanriksdepartementets støtteordning innan kunsthandverk. Det er tre søknadsrundar i året.
Tilskotsordninga gjeld ikkje for støtte til prosjektutvikling, produksjon av kunstverk, leige av lokale eller prosjekt som allereie er påbyrja.