Stønad til lokale lyd- og bildemedium

Målgruppa for tilskotsordninga er lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som hovudsakleg tilbyr innhald retta mot eit lokalt publikum.


I tillegg er det ein søknadskategori for nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium og ein for anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett.

Tilskotsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og bildemedia har i samfunnet.

Halvparten av midla er reservert digitalisering av lokalradioar.

Du kan søkje om:

  • investeringstilskot til digitalisering av lokalradio
  • programproduksjonar og utviklingsprosjekt som stimulera til bruk av norsk
  • driftstilskot til nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og bildemedium
  • driftstilskot til lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper
  • prosjekttilskot til lokale programproduksjonar
  • prosjekttilskot til kompetansehevande tiltak
  • prosjekttilskot til utviklingsprosjekt

 

Forskrift om tilskot til lokale lyd- og bildemedier

Medietilsynet om stønader

Åpne kontaktskjema