Stønad frå Nordic InnovationCentre

Innovative prosjekt med deltakarar frå 3-5 nordiske land kan søka delfinansiering for prosjekt med nordisk relevans, med resultatspreiingseffektar eller som har fagleg nyheits- og innovasjonsverdi.


Nordic InnovationCentre arbeider for å styrkje innovasjonsevna og konkurransekrafta i det nordiske næringslivet.

Nordic InnovationCentre kan delfinansiere nordiske prosjekt som:

  • Har relevans i nordisk samanheng
  • Resultatspreiingseffektar
  • Har nyhende- og innovasjonsverdi innanfor eige fagområde

Grunnleggjande krav til prosjekta som søkjer finansiering:

  • Prosjekta må ha deltakarar frå minst 3 (helst 5) nordiske land
  • Minimum 50% eigenfinansiering (dette kan vere eiga arbeidstid og/eller eigne midlar)
  • Prosjekttida kan høgst vere 36 månader

Prosjekt med høg grad av eigenfinansiering og effektiv prosjektperiode oppnår høgare prioritet.

Følgjande tiltak blir IKKJE finansiert:

  • Grunnforsking
  • Marknadsføring
  • Enkeltføretak i Norden (forfordeling)
  • Frittståande aktivitetar
  • Skriving av søknadar

Nordisk InnovationsCenter om ordningen

Åpne kontaktskjema