Innovasjon Noreg har eit mål om at verdiar vert skapt over heile landet. Selskap i distrikta får derfor tilbod om eigne ordningar, og det er andre krav til selskapa som kan kvalifisere seg for ordningane.
For distriktsverkemiddel skal ein legge særleg vekt på å bidra til verdiskaping, sysselsetting, nyskaping og omstilling i lokalsamfunnet.
Målgruppa er små og mellomstore bedrifter og entreprenørar innan verkeområdet for distriktsretta stønad. Låne- og tilskotsordningar skal avlaste risiko og vere utløysande for at prosjektet vert gjennomført.
Regionale distriktsmiddel er heimla i politiske retningslinjer som gjeld i heile EU/EØS-området.