Oppstartstilskot 3

Er dykk i ferd med å ferdigstilla eit krevjande utviklingsløp for å få fram innovative teknologiar, produkt eller tenester? Kan de løysa store miljø- eller samfunnsutfordringar? Har løysinga eit stort eksportpotensial? For dei mest lovande bedriftene kan tilskot vera mogleg.


Kven kan søke tilskot?

  • ei bedrift som er yngre enn fem år. Bedrifta er etablert med organisasjonsnummer, vanlegvis gjennom enkeltpersonføretak eller AS
  • utvikla ei løysing som er innovativ på internasjonalt nivå og har eit betydeleg eksportpotensial
  • eit berekraftig prosjekt som er i tråd med EUs taksonomi for berekraftig finansiering, eller som på annan måte bidreg til å løysa store samfunnsutfordringar
  • fått viktige avklaringar rundt kundepreferansar og betalingsvilje frå utprøving av prototype
  • komme så langt i innovasjonsprosjektet at de kan testa ein fullskala prototype og er klare for neste fase i løpet av nokre månader
  • ein plan for utviklingsaktivitetar som står att, og førebur verksemda på kommersiell lansering og drift
  • eit team på minst to årsverk og kan vise til god gjennomføringsevne
  • anten eit styre med minimum to eksterne styremedlemmer eller eit advisory board med relevant kompetanse
  • eit styre med relevant bakgrunn for å bidra til strategien til bedrifta, og kan bidra med arbeidsinnsats på vesentlege område som marknadsinnsikt, nettverk, kommersiell erfaring o.l. Mangfald i styresamansetjing er ønskjeleg
  • tidlegare oppnådd forskings- og utviklingstilskot til utviklinga av løysinga frå Innovasjon Noreg, Forskningsrådet, Enova eller EU.
    OBS: Oppstartstilskot 1, Oppstartstilskot 2 og Skattefunn kvalifiserer ikkje som tidlegare oppnådd forskings- og utviklingstilskot.
  • private investorar som har forplikta seg til å bidra med minst 2/3 av finansieringa for aktivitetar i denne fasen, i form av eigenkapital eller ansvarleg lån.

Innovasjon Noreg om oppstartstilskot 3

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema