Oppstartstilskot 2

Er du klar for å etablera eigen verksemd? I denne fasen kan Innovasjon Noreg bidra med tilskot til å etablera ein lønnsam forretningsmodell og utvikla ein første versjon av teknologien eller tenesta, samtidig som de fortløpande involverer aktuelle brukarar eller framtidige kundar.


Kven kan søkje?

  • ei bedrift som er yngre enn tre år (unntaksvis fem år). Bedrifta er etablert med organisasjonsnummer, vanlegvis gjennom enkeltpersonføretak eller AS
  • utvikla ei førebels løysing som representerer noko vesentleg nytt i marknaden, og som kan hevda seg i internasjonal konkurranse
  • testa løysinga på moglege kundar og kan stadfesta at problemet er verd å løysa
  • definert konkrete aktivitetar for å utvikle ein første versjon av løysinga og testa den vidare
  • god oversikt over konkurrentar og alternative løysingar, og ei klar oppfatning av eigne konkurransefortrinn
  • eit team som kan visa til grunnleggjande kjennskap til, erfaring frå eller forståing for marknaden de skal inn i
  • tilgjengeleg kapital og likviditet som er nødvendig for å gjennomføra prosjektet

Innovasjon Noreg om oppstartstilskot 2

Åpne kontaktskjema