Tilskotsordningar frå Norsk filminstitutt

Tilskotsordningane skal bidra til å styrke både enkeltaktørar og bransjen ved å gi moglegheit til utvikling og realisering av prosjekt innanfor blant anna utanlandske filmar, filmfestivalar, reisestipend og utvikling og produksjon av prosjekt.


Distribusjon av utanlandsk kvalitetsfilm – lansering og distribusjon

Etablerte norske filmdistributørar kan søke tilskot til distribusjon av utanlandsk kvalitetsfilm på kino og andre visningsplattformer i Noreg. Du kan søke om midlar for å dekke kostnader til distribusjon og marknadsføring for heile distribusjonsløpet til filmen: på kino, video og andre plattformer.

Film- og kinoteknisk rådgiving – kompetansehevande tiltak

NFI gir tilskot til prosjekt som bidrar til eit profesjonelt miljø for kino i Noreg. Denne tilskotsordninga rettar seg mot aktørar med spesialkompetanse innan kinodrift. Du kan søke om midlar for å dekke utgifter knytte til for eksempel kurs, lønn og reise. Det blir ikkje gitt tilskot til generelle administrasjonskostnader.

Filmfestivalar – Visning og arrangement

Filmfestivalar kan søke om tilskot til å arrangere og gjennomføre filmfestival i Noreg. Vi kan gi tilskot til alle tiltaka til festivalen som er opne for eit ordinært publikum. Tilskotet kan bli gitt som driftstilskot eller prosjekttilskot.

Nasjonale profileringstiltak – lansering og distribusjon

NFI gir tilskot til gjennomføring av prosjekt som bidrar til å styrke norsk film og den utanlandske kvalitetsfilmen sin posisjon hos publikum. Ordninga rettar seg mot verksemder som skal arrangere nasjonale profileringskampanjar og -tiltak som aukar interessa for, og kunnskap om, den typen filmar. Du kan søke om midlar for å dekke utgifter knytte til for eksempel marknadsføring, design, prosjektleiing og honorar, og andre relevante kostnader i prosjektet som bidrar til formålet.

Neo produksjon – Produksjon

Neo produksjon er ei tilskotsordning for manifesterte talent som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar, drama eller hybrid. Ordninga rettar seg mot regissørar og serieskaparar som saman med produsenten sin har vore gjennom ein utviklingsfase og som nå er klare for å gå i produksjon med ein lågbudsjettsproduksjon.

Neo utvikling – utvikling

Neo utvikling er ei tilskotsordning for manifesterte talent som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar, drama eller hybrid. Ordninga rettar seg mot regissørar og serieskaparar som har relevant utdanning eller erfaring, og som gjennom tidlegare verk har fått manifestert eit talent – og som nå ønsker å utvikle sitt første eller andre prosjekt i langt format i samarbeid med produsenten sin.

Regionale filmsenter og filmfond – regionale ordningar

NFI har ansvar for å fordele midlar staten har til dei sju regionale filmsentera og filmfonda. Formålet er blant anna å skape regionale filmmiljø med tilstrekkeleg tyngde til å tilrettelegge for filminnspelingar i regionen, gjerne med finansiering via ei eventuell insentivordning.

Reisestipend utland - reise

Profesjonelle fagarbeidarar som jobbar i den norske film-, serie- og spelbransjen kan søke tilskot til reiser og deltaking på kurs, festivalar og filmkulturelle arrangement i utlandet.

Reisestønad til internasjonale ekspertar og presse - reise

Internasjonale ekspertar og presse som blir inviterte til norske festivalar og filmkulturelle arrangement kan søke om tilskot til reisa. Tilskotsordninga rettar seg mot arrangørar av festivalar og filmkulturelle arrangement med fokus på norsk film, og skal bidra til å skape internasjonal merksemd rundt norske audiovisuelle verk. NFI forvaltar ordningar etter avtale med Utanriksdepartementet.

Norsk filminstitutt om tilskotsordningar

Åpne kontaktskjema