Kulturrom er den nasjonale tilskotsordninga for teknisk utstyr og lokale. Kulturrom sikrar tilgang til rom med gode tekniske vilkår for øving og framføring av musikk, teater og dans over heile landet.
Kulturrom har fire stønadsområde:
Det kan søkjast tilskot til lydutstyr, lysutstyr og backline av nøktern og haldbar kvalitet. Målgruppa er spelestadar og konsertarrangørar. Målgruppa for denne ordninga er verksemder som arrangerer konsertar og framsyningar innan musikk, dans og teater.
Det kan søkjast tilskot til utstyr som er til felles bruk i øvingsanlegg/øvingsfellesskap og vil normalt tildelast i samsvar med gjeldande standardsatsar. Det vert ikkje gjeve tilskot til personlege instrument. Målgruppene er øvingsanlegg og øvingsfellesskap (musikkverkstadar, musikklubbar, bandsamanslutningar, med meir).
Det kan søkast om tilskot til akustisk forprosjektrapport, lydisolerande og romakustiske tiltak i lokale til øving og framføring og bygging av lokale til øving. Målgruppa for denne ordninga er verksemder som arrangerer konsertar og framsyningar innan musikk, dans og teater, og sammenslutninger som disponerer øvingslokale til felles benyttelse.
Det kan søkast om tilskot til øvingsbinge på 25 eller 40 kvadratmeter etter faste satsar. Øvingsbinge er eit ferdiglaga øvingslokale som vert levert nøkkelferdig. Øvingsbingen er lydisolerte og akustisk tilpassa rytmisk musikk. Den skal greiast ut for tilpassing til andre kulturelle uttrykk. Øvingsbingen vert ofte plassert i nærleiken av skular eller idrettsanlegg der barn og ungdom ferdast og har nærmiljøet sitt. Målgruppa for denne ordninga er eksempelvis spelestader, kulturhus og øvingsanlegg som har ein tilsett med ansvar for drift, har ein tilknytta teknisk ansvarleg, og som er registrert i Einingsregisteret.