Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Støtteordningar
  4. Music Norway sitt reisetilskot

Music Norway sitt reisetilskot

Dette er ei ordning for at profesjonelle norske utøvarar, komponistar, låtskrivarar og musikkselskap skal kunne delta aktivt på den internasjonale arenaen.

Formålet med ordninga er å auke etterspurnad, interesse og merksemd for norske utøvarar, komponistar, låtskrivarar og musikkselskap internasjonalt. 

Kva kan du søke stønad til?

Det kan søkjast om reise-, visum- og overnattingsutgifter innanfor følgjande kategoriar innan alle sjangrar:

Konsert/turné

Til offentlege konsertar i utlandet inkludert sceniske verk, showcasar og promo-framføringar (radio, tv og liknande). Arrangementa skal vere konkrete og stadfesta med stad og dato på søkjetidspunktet.

Låtskriving/komponering

Til låtskrivarsamarbeid, komponistsamarbeid, sceniske verk, librettoskriving og liknande med utanlandske partnarar utanfor Noreg. Ordninga gjeld ikkje for eigne utgjevingar.

Kven kan søke?

Utøvarar, artistar, opphavspersonar, komponistar, låtskrivarar og tekstforfattarar som er norske statsborgarar eller busette i Noreg, samt norske musikkselskap er norske statsborgarar eller busett i Noreg, samt norske musikkselskap som har kontraktsfesta representasjon av desse, eller rettar til verka deira. Verksemda/utøvaren må ha norsk organisasjonsnummer.