Music Norway sitt arrangørtilskot
Formålet med ordninga er å auke etterspurnaden, marknadsverdien og nettverket til norske aktørar i musikkbransjen internasjonalt.
Kva kan du søke stønad til?
Det kan søkast tilskot til å gjennomføre arrangement i Noreg som fremjar norsk musikk i utlandet, som presse- og ekspertbesøk frå utlandet og låtskrivar-samlingar for norske og utanlandske låtskrivarar.
Presse- og ekspertbesøk
Det kan søkast om delfinansiering av reise- og overnattingskostnader for internasjonale deltakarar i samband med gjennomføring av arrangement i Noreg som bidreg til å styrke profesjonelle aktørar i norsk musikkbransje internasjonalt.
Deltakarane må ha potensial til å bidra til eksport, internasjonal synlegheit og/eller karriereutvikling for norske aktørar.
Låtskrivarsamling
Det kan søkast om utgiftsdekking til låtskrivar¬samling for norske og internasjonale låtskrivarar og produsentar, som skriv i samarbeid for tredjepart med sikte på internasjonale plasseringar. Samlinga må finne stad i Noreg.
Det kan søkast om tilskot til delfinansiering av reise og overnatting for dei internasjonale deltakarane.
Kven kan søke?
Verksemder som skal arrangere, koordinere og gjennomføre arrangement i Noreg, der målet er å promotere norsk musikk overfor internasjonal musikkbransje eller internasjonale medium.
Søkar må ha norsk organisasjonsnummer, og vere registrert i føretaksregisteret.