Kompensasjonsordninga for CO2-avgift

Ordninga omfattar fiskefartøy som er innført i registeret over merkepliktige norske fiskefartøy, bortsett frå bensindrivne båtar.


Tilskot blir gitt som kompensasjon for norsk avgiftsbelagt drivstoff til fiske- og fangstfartøy.

Det er eit vilkår for kompensasjon at båteigar eller høvedsmann er oppført i bladet til fiskarmanntalet A eller B, eller fyller vilkåra for opptak. Det er eit vilkår for kompensasjon at fiskeriaktiviteten har gått føre seg i nære farvatn. Med nære farvatn siktar ein til havområde der avstanden til norskekysten (grunnlinja) er mindre enn 250 nautiske mil.

Fiske- og fangstfartøy som oppfyller vilkåra for kompensasjon blir delt inn i tre fartøygrupper; kystflåten, havflåten og kystrekeflåten. Inndelinga blir gjennomført av Fiskeridirektoratet.

Kompensasjonen til kvart enkelt fartøy blir bestemd av fartøyets del
av omsetninga i den fartøygruppa fartøyet tilhøyrar.

Garantikassa for fiskarar administrerer ordninga og gjennomfører utbetaling av kompensasjon éin gong per år, på grunnlag av fangstverdien det førre kalenderåret. Søknad om kompensasjon blir send på fastsett skjema til Garantikassen innan 31. mars det etterfølgjande året.

Garantikassen om kompensasjonsordninga for CO2-avgift

Forskrift om mellombels tilskot som kompensasjon for CO2-avgift til fartøy som driv fiske og fangst i nære farvatn

Åpne kontaktskjema