Skal du investere i driftsbygning, kjøpe eigedom/tilleggsareal eller treng å gjere mindre investeringar i samband med generasjonsskifte på garden? Innovasjon Noreg kan hjelpe deg med finansiering dersom du har eit lønsamt prosjekt.
Innovasjon Noreg kan støtte investeringar i produksjonsanlegg/driftsbygningar, gjødsellager, landbrukseigedomar, kjøp av eigedom og tilleggsareal for mindre investeringar i samband med generasjonsskifte.
Kven kan få finansiering?
Det kan verte gjeven stønad til eigar av landbrukseigedom eller bedrifter (også samdrifter) med tilknyting til landbrukseigedomar. Det må vere næringsverksemd av eit visst omfang på eigedomen, eller potensial for næringsverksemd av eit visst omfang.