Innovasjon Noreg tilbyr bedrifter som veks og ekspanderer internasjonalt ein strategiworkshop der formålet er at bedrifta skal konkretisere sin internasjonale forretningsmodell og plan for marknadsintroduksjon.
Workshop-serien består av fire digitale samlingar på 3-4 timar med oppstart ein gong i månaden. Workshopen er gratis og vert fasilitert av Innovasjon Noreg sine internasjonaliseringsrådgjevarar.
På samlingane lærer du å kartleggje faktorar som kan påverke forretningsmodellen din i nye marknader, teste kva marknader som kan vere aktuelle, utvikle forretningsmodellen, forstå kritiske suksessfaktorar for å lykkast internasjonalt og leggje ein plan for vegen vidare mot marknadsintroduksjon.
Innovasjon Norge om workshop i internasjonal marknadsutvikling
Innovasjon Noregs kompetansesenter: Kurs i eksport til nye markeder