Byggjelånsgaranti

Gjennom garantiordninga for byggjelån til skip, fartøy og innretninger til havs gir Eksportfinansiering Noreg risikoavlastning til bankar, og bidrar til at norsk verft, offshoreverksteder og liknande får betre tilgang på byggjelån.


Ein byggjelånsgaranti sikrar at bankane får betalt attende lån som vert gitt til norske verft i samband med verftet si finansiering av nye skip, eller til norske produsentar av havinstallasjonar, som til dømes vindmøllefundament.

Garantien kan også utferdast i samband med betydelege underleveransar. Byggjelånsgarantien vert avslutta når kjøparen har betalt verftet eller produsenten ved levering av skipet eller installasjonen.

Kven kan søkje?

Produsenten (for eksempel verftet), banken eller tilretteleggjare kan søkje.

Eksportfinansiering Noreg fremjer norsk eksport ved å stille garantiar for lån og betalingar på vegner av den norske stat.

Eksportfinansiering Noreg om byggelånsgaranti

Åpne kontaktskjema