Bildende Kunstneres Hjelpefond

Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) yter stipend og tilskot til kunstnarar innan det visuelle feltet som har eller har hatt det kunstnariske virket sitt i Noreg.


Som "kunstnar" reknar ein i denne samanhengen ein som profesjonelt og yrkesmessig produserer eller har produsert slike verk som er avgiftsbelagde etter kunstavgiftslova. Tildelingane frå BKH går hovudsakleg til enkeltkunstnarar som stipend og tilskot etter søknad. Tilskotet vert tildelt uavhengig av kjønn, nasjonalitet, bustad eller organisasjonsmedlemskap. Nokre tilskot kan også tildelast kunstnaren sine etterlatne (attlevande ektefelle, partnar eller sambuar).

Dei kunstfaglege stipenda vert tildelte på kunstfagleg grunnlag, etter dei kunstnariske kriteria som er sette for dei enkelte ordningane.

 

Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) om stipend og tilskot

Åpne kontaktskjema