Bedriftsnettverk

Har bedrifta di vekstambisjonar og ønsker å realisere desse i samarbeid med andre bedrifter? Innovasjon Norge kan tilby fagleg rettleiing og finansiering til å etablere og utvikle strategiske bedriftsnettverks- prosjekt.


Eit bedriftsnettverk kan hjelpe små- og mellomstore bedrifter som har vekstambisjonar til å etablere kommersielt, strategisk og marknadsretta samarbeid for å styrke innovasjonsevne og konkurransekraft.

Målet er økt vekst og verdiskaping i bedriftene gjennom utvikling og realisering av nye marknadsmoglegheiter i eksisterande eller nye marknader i utlandet eller i Noreg, kor samarbeid gir synergiar og strategiske fordelar.

Kven kan søke?

Bedriftsnettverk i dei aller fleste bransjar og næringar i heile landet, kan søke om stønad til hovudprosjekt med inntil tre års varigheit.

Deltakarane i bedriftsnettverket må vere einige om at éin av deltakar-bedriftene tar rolla som søkarbedrift/administrator på vegne av nettverket.

Søkarbedrifta må drive økonomisk verksemd i Noreg, ha sunn økonomi og vere registrert i Føretaksregisteret i Noreg.

Åpne kontaktskjema