Verkemiddel og tilskot frå Rogaland fylkeskommune

Fylkeskommunen forvaltar ulike finansieringsordningar i arbeidet med næringsutvikling. Målgruppa for kvar enkelt tilskotsordning kan vera noko ulik.


Nokre av ordningane det kan bli søkt om tilskot til:

Bedriftsintern opplæring  

Bedriftsintern opplæring (BIO-midlar) er ei støtteordning for små- og mellomstore bedrifter med omstillingsbehov og moglegheit for vidareutvikling gjennom kompetansetiltak for dei tilsette. Omstillinga og opplæringsprosjekta må vera forankra i Rogaland fylkeskommune nærings- og innovasjonsstrategien sin, der områda rein energi og maritim framtid, mat og reiseliv og oppleving er prioritert.  

Kompetansenettverk lokalmatproduksjon  

Fem regionale kompetansenettverk gir deg matfagleg kunnskap gjennom mellom anna kurs og besøksordning. Kompetansenettverka er ein del av tilbodet i Innovasjon Noregs Utviklingsprogram for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping.  

Mentor- og praktikantordning for innvandrarar  

Formålet med tilskotet er å kunna gi innvandrarar høvet til å bruka kompetansen sin på rett plass i arbeidslivet, og å styrkja mangfaldet i privat og offentleg sektor som får tilført ny kompetanse. Det kan givast støtte til etablering, gjennomføring og administrering av mentor- og praktikant prosjekt.  

Etableraropplæring for innvandrarar

Tilskotsordninga skal styrkja og utvikla kunnskap om korleis ein kan etablera eiga verksemd. Målet er å leggja til rette for at innvandrarar kan starta sine eigne verksemder, som skaper sysselsetjing og vekst.

Regionalt miljøprogram  

Gjennom regionalt miljøprogram kan eintilskot mellom anna til skjøtsel av synlege automatisk freda kulturminne og vedlikehald av verdifulle landskapselement. Eit av formåla med dette er å hindra at kulturminne gror igjen og forfell 

Tilskot til klimaomstilling  

Har du prosjektidear som kan bidra til anten reduksjon av klimagassar eller tilpassing av natur og samfunn til eit våtare og villare vêr? Då bør du sjekka ut om prosjektet ditt kjem inn under retningslinjene til denne tilskotsordninga.   

Ulla-Førrefondet  

Ulla-Førrefondet skal vera ein offensiv reiskap i arbeidet med grøn omstilling av næringslivet og utvikling av høgare utdanning i Rogaland, med vekt på utdanning, forsking, teknologiløysingar og andre samfunnsnyttige tiltak i tråd med dette.  

FORREGION Rogaland 

FORREGION for regional innovasjon skal bidra til auka berekraftig verdiskaping hos næringslivet i Rogaland gjennom forskingsbasert innovasjon. Støtteordninga skal få fleire bedrifter til å bruka forsking i innovasjonsarbeidet sitt og mobilisera næringslivet til å nytta andre verkemiddel for forsking.  


Regionalt forskingsfond Rogaland
Regionalt forskingsfond Rogaland skal støtte opp om behovet til næringslivet og rette seg mot kunnskapsområde som utnyttar og forsterkar regionen sine konkurransefortrinn. Utlysingane skal leggja til rette for meir kunnskapsbasert innovasjon i næringslivet og i offentleg sektor, og bidra til å byggja opp relevant kunnskap i forskingsmiljø.


Regionalt næringsfond
Fondets overordna mål er å vera eit verkemiddel overfor kommunar og regionar i Rogaland. Fondet skal stimulera til næringsutvikling og berekraftig verdiskaping i tråd med Rogalands nærings- og innovasjonsstrategi.

Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket (RT – midlar)

RT-midlane skal leggja til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrkja berekraftig verdiskaping i landbruket. Midlane skal støtta prosjekt som bidreg til omstilling og klimasmart utvikling, modernisering av økologisk og tradisjonelt landbruk under dette utvikling av ressursgrunnlaget til garden, lokal mat, drikke og reiseliv.

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RK – midlar)

RK-midlane skal leggja til rette for styrkt rekruttering, kompetansebygging og omdømme i landbruksnæringa for å auka verdiskapinga i landbruket. Støtta prosjekt som bidreg til regional næringsutvikling, rekruttering, kompetanseheving og omdømme knytt til landbruket i Rogaland med særleg vekt på auka verdiskaping og berekraftig utvikling.

Breibandsutbygging i Rogaland

Breibandsmidla skal bidra til utbygging av breiband i geografiske område der investeringar ikkje har kommersielt grunnlag.

Rogaland fylkeskommune om tilskot

Åpne kontaktskjema