Produksjonslånsgaranti

Garantien kan gjevast når norske eksportørar eller underleverandørar treng finansiering av produksjonskostnader knytte til spesifikke eksportkontraktar. Eksportfinansiering Noreg føresett at banken for bedriften gjev lån og tek eigen risiko for den delen av lånet som Eksportfinansiering Noregs garanti ikkje dekkjer.


Kva kan du søkje om?

  • Banken for bedriften gjev kredittlinje som Eksportfinansiering Noreg avlastar
  • Eksportfinansiering Noreg garanti kan dekkje opptil 50 % av verdien på lånet.
  • Det vert føresett at lånet berre finansierer gjennomføringa av ein eller flere kontraktar.
  • Oppgjer av kontrakten skal vere sikra (f.eks. via eit Letter of Credit).

Kven kan søkje?

Banken til bedrifta søkjer om garanti for den delen av lånet som banken ønskjer avlastning av risikoen på.

Eksportfinansiering Noreg fremjer norsk eksport ved å stille garantiar for lån og betalingar på vegner av den norske stat. 

Eksportfinansiering Noreg om produksjonslånsgaranti

Åpne kontaktskjema