Garanti for førleveringsrisiko

Garanti for førleveringsrisiko sikrar eksportøren mot tap i produksjonstida, før levering, dersom inngåtte kontraktar ikkje vert gjennomførte eller oppfylte av kjøparen som følgje av konkurs, insolvens eller politiske hendingar.


Garantien er aktuell der leveransen er skreddarsydd og dermed vanskeleg å selje til andre kjøparar enn den opprinnelege. Både politisk og kommersiell risiko blir dekt.

  • Garantien kan gjelde utanlandsk kjøpar sin manglande evne eller vilje til å betale (kommersiell risiko). Eksportfinansiering Noreg garanterer for inntil 90 prosent av leverandøren sine eigne kostnader.
  • Garantien kan gjelde endring av lover og hendingar i heimlandet til kjøparen som gjer det umogleg å gjennomføre betalinga (politisk risiko).
  • Garantien dekkjer direkte og indirekte kostnadar som eksportøren har hatt fram til kontrakten vart broten.
  • Garantien dekkjer berre faktisk endeleg tap, ikkje tapt forteneste.
  • Ein må søkje før ein set i gang produksjonen.
  • Eksportfinansiering Noreg tek ein premie ved utferding av garanti.

Kven kan søkje?

Eksportøren sender inn søknadsskjema.

Eksportfinansiering Noreg fremjer norsk eksport ved å stille garantiar for lån og betalingar på vegner av den norske stat.

Eksportfinansiering Noreg om garanti for førleveringsrisiko

Åpne kontaktskjema