Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Ansvarsmerke

Dei som produserer og/eller sel produkt av gull, sølv, eller platina med påstempla finleiksgrad (for eksempel 'S925' for sølv), er pliktige til å stemple vara med eit ansvarsmerke som dei har registrert hos Patentstyret.

Ansvarsmerket viser kven som er produsent eller importør, og gjer det mogleg å identifisere kven som har produsert vara, for eksempel kva for gullsmed. Søknad om ansvarsmerke sender du til Patentstyret via Altinn. Du må betale eit gebyr før søknaden vert behandla, sjå prisoversikta hos Patentstyret.

Dersom du importerer varer av edelt metall frå EU-/EØS-land, og varene allereie er lovleg stempla med eit merke som ikkje kan forvekslast med eit norsk ansvarsmerke, treng du ikkje søkje om registrering av ansvarsmerke i Noreg.

Patentstyret om ansvarsmerkerEdelmetalloven om krav til ansvarsmerkeForskrift om varer av edelt metall mv.Forskrift om registrering av ansvarsmerkerPatentstyret – prisoversikt