Patent
Kvifor søke patentvern?
Det kostar ofte mykje å utvikle eit nytt produkt. Med patent kan du få einerett til å utnytte oppfinninga kommersielt. Eit patent kan:
styrke konkurransefortrinnet ditt og gi deg større marknadsdelar
førebygge konfliktar
vere bevis i ein konflikt
gi deg moglegheit til å selje eller lisensiere ut oppfinninga
gjere verksemda di meir attraktiv for samarbeidspartnarar og investorar
Kva vern treng du?
Er du usikker på om det er varemerke, design eller patent du skal registrera? Patentstyret har utvikla ein test for å sjå kva verdiar det kan vera viktig for bedrifta di å verna.
Før du søkjer
Har du planar om å søke patent på ei oppfinning, er det viktig at du gjer eit grundig søk i patentdatabasar og andre kjelder. Du kan ikkje få patent på noko som allereie er kjent, uansett kvar i verda. Ei oppfinning kan for eksempel vera beskriven i ein tidlegare patentsøknad, eller vera omtalt på ei nettside. For å få patent må oppfinninga vere ny. Oppfinninga må i tillegg skilje seg vesentleg frå det som er kjent.
Patentstyret om å søke i databaser
Før du søker patent, bør du sjekke om andre allereie har rettar til same eller liknande teknologi. Du kan sjølv søke i patentregisteret i Patentstyret si database og i internasjonale patentdatabasar.
Patentstyret tilbyr også betalte oppdrag, som nyheitsundersøkingar. Erfarne teknologar søkjer i databasar for deg og gir deg strategisk innsikt tilpassa behova dine.
Kva kan du ta patent på?
Du kan ta patent på:
Framgangsmåtar
Tekniske produkt
Bruksmåtar
Oppfinninga må vere ny, ha oppfinningshøgd og kunne gjenskapast.
Kor lenge er patentet gyldig?
Eit patent kan haldast ved lag i inntil 20 år, rekna frå den dagen du leverer søknaden. For å oppretthalde patentet må du betale ei årsavgift kvart år.
Korleis søkje om patent?
Du søker patent ved å leverer søknaden til Patentstyret via Altinn.
Du må betale eit søknadsgebyr for å få søknaden behandla, sjå prisoversikta hos Patentstyret.
Søknadsprosessen kan vere krevjande dersom du ikkje har erfaring med dette. Du kan vurdere å få profesjonell hjelp av ein IP-rådgivar.
Patent i andre land
Eit patent gir deg berre rettar i det landet du har fått patent, og eit norsk patent gjeld derfor berre i Noreg. Ønskjer du vern i andre land, må du levere ein patentsøknad i kvart av desse landa. Det finst også ordningar som gjer det mogleg å søke patent i fleire land samtidig.
Validering av europeisk patent i Noreg
Dersom du har fått innvilga eit europeisk patent frå Det europeiske patentkontoret (EPO), må du validere patentet i Noreg for at det skal vere gyldig her. Du må sende søknaden til Patentstyret seinast tre månader etter at EPO har kunngjort at patentet er innvilga.
Klage på andre sitt patent eller patentsøknad
Du kan klage på andre sitt patent eller patentsøknader.
IPR-forsikring (rettstvistforsikring)
Ei IPR-forsikring kan redusere kostnadane til advokat, rettssak eller erstatning, dersom du skal forsvare og handheve dei immaterielle rettane dine. Denne forsikringa teiknar du hos eit forsikringsselskap.
Arbeidstakaroppfinningar
Ein arbeidstakarar har i utgangspunktet same rett til oppfinninga si som andre oppfinnarar. På visse vilkår gjev likevel lova om arbeidstakaroppfinningar arbeidsgivaren rett til å overta oppfinninga.
Arbeidsgivaren sin rett til å overta oppfinninga blir bestemd ut frå arbeidstakaren sine oppgåver i bedrifta og kva for avtale arbeidstakaren har imed arbeidsgivaren. Dersom arbeidsgivaren skal overta oppfinninga, kan arbeidstakaren ha krav på godtgjersle.
Patentstyret tilbyr kurs om korleis du kan verne verdiane dine med patent-, varemerke- og designrettar. Dei fleste kursa er gratis, og mange blir strøymde slik at du kan følgje dei der det passar deg. Du kan også sjå opptak av tidlegare kurs og webinar, heilt gratis.
Kva vern treng du?
Er du usikker på om du bør registrere varemerke, design eller patent? Patentstyret har utvikla ein test som hjelper deg å finne ut kva verdiar det kan vere viktig for bedrifta di å verne.