Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Starte bedrift
  4. Opphavsrett

Opphavsrett

Opphavsrett (eller copyright – ©) er retten du får når du skapar eit litterært eller kunstnarisk verk. Det kan for eksempel vere musikk, en tekst, eit bilde, brukskunst eller ein film.

Kva inneber opphavsretten?

Opphavsretten gir deg einerett til å lage eksemplar av verket, og gjere verket tilgjengeleg for andre.

Det gir deg også ideelle rettar. Det betyr rett til å bli namngitt slik god skikk tilseier og rett til å gripa inn mot krenkjande bruk av verket.

Opphavsrettkan ikkje registrerast. Dersom det blir tvist om opphavsretten, kan domstolane avgjere saka.

Designrett vs. opphavsrett - kva vernar produktet ditt?

  • Designrett vernar utsjånaden på eit produkt, som form, mønster eller farge

  • Opphavsrett vernar det kreative uttrykket, som tekst, illustrasjonar, foto og musikk.

Designrett må registrerast. Opphavsrett oppstår automatisk når du skaper noko originalt.