Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Starte bedrift
  4. Design

Design

Omgrepet "design" blir brukt i fleire samanhengar med ulik betydning. I denne samanhengen meiner vi - svært forenkla - utsjånaden til eit produkt eller til ein del av eit produkt.

Kva er designregistrering?

Med ei designregistrering () får du eit dokumentert bevispå at du har rettane til utsjånaden på produktet ditt. Det kan gjere det enklare å stoppe ulovlege etterlikningar og gi deg eit verdifullt konkurransefortrinn i marknaden. Designregistreringa gir deg eineretten til utformingar som gir same heilskapsinntrykk som designet ditt.

Du kan søke om designregistrering hos Patentstyret.

Designrett vs. opphavsrett – kva vernar produktet ditt?

  • Designrett vernar utsjånaden på eit produkt, som forma, mønsteret eller fargen

  • Opphavsrett vernar det kreative uttrykket, som tekst, illustrasjonar, foto og musikk.

Designrett må registrerast. Opphavsrett oppstår automatisk når du skaper noko originalt.

Kva kan du designregistrere?

Du kan blant anna designregistrere:

  • alle slags fysiske gjenstandar frå bygningar til tannbørstar, bilar, klede, emballasje eller møbel

  • delar av ein gjenstand, som hovudet på ein tannbørste, armlenet på ein stol eller hanken på ein kopp

  • skjermbilete og ikon for dataskjermar

  • animasjonar eller bevegelege design, slik som ikon for dataskjermar som viser ei gjentatt bevegelse

  • typografiske skrifttypar

  • grafiske symbol og logoar

  • mønsteret på eit servise eller eit stoff (ornamentering)

  • eit interiørmessig arrangement, som for eksempel eit kaféinteriør eller eit utstillingsvindauge

  • eit eksteriørmessig arrangement, som for eksempel eit parkanlegg

Vilkår for å få ei gyldig designregistrering

For å få registrert design, må det oppfylle nokre krav:

  • Designet må vere nytt og gi eit anna heilskapsinntrykk enn design som allereie er kjent

  • Du kan ikkje verne tekniske løysingar med designregistrering (desse kan eventuelt vernast med patent)

Du kan vise fram eller selje produktet ditt i opptil 12 månader før du søker. Dette blir kalla ein "grace period"

I denne perioden har du likevel ikkje designvern og andre kan i prinsippet kopiere designet ditt.

"Grace period" gjeld i Noreg og nokre andre land, blant anna EU og USA. Reglane kan variere frå land til land, så sjekk kva som gjeld der du ønsker vern.

Kor lenge varar ei designregistrering?

Ei designregistrering varar i 5 år frå søknadsdagen du leverer søknaden, og kan fornyast kvart femte år i inntil 25 år. Sjølv om ei designregistrering er gått ut, kan produktet framleis vere verna av anna lovgjeving, for eksempel åndsverklova eller marknadsføringslova.

Før du søkjer designregistrering

Dersom du er usikker på om designet ditt er nytt og om det gir eit anna heilskapsinntrykk enn tidlegare design, kan du undersøkje om det finst liknande design i designregisteret hos Patentstyret og i internasjonale databasar.

Korleis søkje designregistrering?

For å søke om designregistrering leverer du søknaden til Patentstyret via Altinn. Du må betale eit søknadsgebyr før søknaden vert behandla, sjå prisliste hos Patentstyret. 

Klage på andres design

Dersom du meiner at Patentstyret har registrert eit design som ikkje er nytt eller manglar individuell karakter, kan du krevje at registreringa blir sletta. Dersom du meiner at du har betre rett til designet enn den som er ført opp som innehavar, kan du krevje å få retten overført til deg. Det gjer du ved å sende inn eit krav om administrativ overprøving til Patentstyret og dokumentere påstandane dine.

Du finn informasjon om vilkår, klagefristar og framgangsmåtar hos Patentstyret.

Hald deg oppdatert med  Patentstyret sine kurs

Patentstyret tilbyr kurs om korleis du kan verne verdiane dine med patent-, varemerke- og designrettar. Dei fleste kursa er gratis, og mange blir strøymde slik at du kan følge dei der det passar deg. Du kan også sjå opptak av tidlegare kurs og webinar, heilt gratis.

Kva vern treng du?

Er du usikker på om du bør registrere varemerke, design eller patent? Patentstyret har utvikla ein test som hjelper deg å finne ut kva verdiar det kan vere viktig for bedrifta di å verne.

Treng du hjelp?

Har du spørsmål om patent, varemerke eller design? Ta ein prat med fagfolka i Patentstyret, så kan dei rettleie deg i riktig retning. Det er gratis og uforpliktande.