Konkurskarantene og tap av retten til å ha tillitsverv i aksjeselskap
Konkurskarantene
Konkurskarantene inneber at ein i eit tidsrom på to år ikkje kan stifte aksjeselskap eller ta på seg eller reelt utøve nye verv som medlem eller varamedlem av styret eller som dagleg leiar (administrerande direktør) i slikt selskap.
Ved konkurs i aksjeselskap kan styremedlemmer, varamedlemmer eller dagleg leiar påleggast konkurskarantene. Det same gjeld personar som reelt i praksis har utøvd slike verv.
Konkurskarantene kan påleggast dersom det er grunn til å mistenke vedkomande for ei straffbar handling i samband med konkursen eller den verksemda som har ført til konkursen. Det kan òg påleggast konkurskarantene dersom ein på grunn av uforsvarleg forretningsførsel blir antatt uskikka til å stifte nytt selskap eller vere styremedlem eller administrerande direktør i slikt selskap. Det er retten som avgjer om nokon skal settast i konkurskarantene. Før konkurskarantene blir pålagd vil vedkomande få høve til å uttale seg.
Konkurskarantene inneber at ein mellom anna ikkje kan stifte aksjeselskap (AS), norsk avdeling av utanlandsk selskap (NUF), eller ta på seg eller reelt utøve nye verv som medlem eller varamedlem av styret eller administrerande direktør i slike selskap. Ein kan òg fjernast frå slike verv ein allereie innehar. Konkurskarantene varer vanlegvis i to år frå konkursopninga eller frå ilegginga, og blir registrert i Konkursregisteret. Det er straffbart å bryte reglane om konkurskarantene.
Retten kan bestemme at konkurskarantene skal forlengast inntil rettskraftig dom finst i straffesak der påtalemakta har lagd ned eller vurderer å legge ned påstand om rettstap etter straffelova § 56.
Konkurskarantene inneber ikkje forbod mot å drive ny næringsverksemd i form av enkeltpersonføretak eller ansvarleg selskap.
Tap av retten til å ha tillitsverv i aksjeselskap
Den som har gjort seg skuldig i ei straffbar handling som viser at vedkomande er uskikka til eller kan misbruke ei stilling, verksemd eller aktivitet, kan, når allmenne omsyn tilseier det,
- a) Blir stillinga fråtatt, eller
b) Blir fråtatt retten til å ha ei stilling for framtida eller utøva ei verksemd eller aktivitet
Rettstapet kan avgrensast til forbod mot å utøve visse funksjonar som ligg til stillinga eller verksemda, eller til påbod om å utøve verksemda eller aktiviteten på bestemte vilkår.
Den som er fråtatt retten til å utøva ei verksemd, kan heller ikkje forvalte ei slik verksemd for andre eller la andre forvalte ei slik verksemd for seg.
Rettstap etter føresegna kan påleggjast som einaste straff, dersom det ikkje er fastsett ein minstestraff på fengsel i 1 år eller meir for handlinga.
Rettstap blir pålagt for ei bestemd tid inntil 5 år, eller når særlege grunnar tilseier det, på ubestemd tid.
Påtalemakta oppbevarer informasjon om personar som er frådømt retten til å ha ei stilling, eller utøve ei verksemd, eller aktivitet, som følgje av ei straffbar handling. Informasjon om rettstap blir send til Einingsregisteret og Føretaksregisteret.