Starte og registrere ei foreining
Føresetnader for å starte ei foreining:
Ei foreining må ha minst to stiftarar.
Både fysiske personar og einingar (eksempelvis aksjeselskap eller andre foreiningar) kan vere stiftarar.
Stifte og registrere foreining
Ei foreining blir normalt stifta ved at det blir oppretta eit stiftelsesdokument. For å registrere eit lag eller ei foreining må du sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Når foreininga er registrert elektronisk får innsendaren svar på registreringssøknaden i sin "Innboks" i Altinn.
Namn på foreiningar
Det er ingen spesifikke namnekrav for foreiningar. På tenesta namnesøk kan de sjekke om namnet de vurderer er ledig.
Frivilligregisteret, grasrotdel og momskompensasjon
Dersom foreininga driv frivillig aktivitet, kan de velje å registrere ho i Frivilligregisteret. Å være registrert i Frivilligregisteret er ein nødvendig føresetnad for å kunne få midlar frå ulike tilskotsordningar for frivillig verksemd, blant anna grasrotandelen. Verksemder registrert i Frivilligregisteret har også moglegheita til å søke om momskompensasjon gjennom momskompensasjonsordninga.
Kor lang tid tar det?
Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.
Kva kostar det?
Registrering i Einingsregisteret og Frivilligregisteret er gratis. Ved registrering i Einingsregisteret får foreininga eit organisasjonsnummer.
Skal foreininga drive næringsverksemd må ho registrerast i Føretaksregisteret. Gebyret for registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret er 3 883 kroner ved elektronisk registrering, og 4 398 kroner ved registrering på papirskjema.
Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 3 185 kroner ved elektronisk registrering, og 3 700 kroner ved registrering på papirskjema.