Frilansar
Når er eg frilansar?
Som frilansar betaler du skatt på same måte som lønnsmottakarar. Du leverer skattemelding for arbeidstakarar og har rett til minstefrådrag som lønnsmottakar.
Du har ikkje plikt til å føre rekneskap og skal ikkje registrere deg i Meirverdiavgiftsregisteret.
Du er frilansar når du får lønn for enkeltståande oppdrag utan å vere fast eller mellombels tilsett hos den du utfører arbeidet for, men heller ikkje er sjølvstendig næringsdrivande. Som frilansar er du i ei mellomstilling mellom arbeidstakar og sjølvstendig næringsdrivande.
Frilansar versus sjølvstendig næringsdrivande
Dette er dei viktigaste likskapane og ulikskapane mellom å vere frilansar og sjølvstendig næringsdrivande:
| Frilansar | Sjølvstendig næringsdrivande | |
|---|---|---|
| Krav om organisasjonsnummer | Nei | Ja (med noen unntak) |
| Ansvar for resultatet | Ja | Ja |
| Korleis skjer betalinga | Får lønn (men er ikkje tilsett) | Sender faktura |
| Betaling av skatt |
Oppdragsgivar henter skattekort og trekker skatt | Er sjølv ansvarleg for rapportering og innbetaling av skatt |
| Rekneskap | Skal ikkje føre rekneskap | Må føre rekneskap |
| Moglegheit for å bruke frikort | Ja | Nei |
| Avtaletype som blir inngått med oppdragsgivar | Oppdragsavtale | Oppdragsavtale |
| Meirverdiavgift | Får lønn og skal ikkje berekne mva | Kan bli mva-pliktig |
Sosiale rettar for frilansarar
Som frilansar har du færre sosiale rettar ennein arbeidstakar, men betre rettar enn ein sjølvstendig næringsdrivande. Oppdragsgivar har ikkje ansvar for å betale sjukepengar, men du har rett til sjukepengar frå NAV frå 17. sjukedag. Du kan også teikne frivillig tilleggsforsikring. Du har ikkje rett til feriepengar (med mindre dette er avtalt) og du blir ikkje omfatta av arbeidsmiljølova på same måte som arbeidstakarar. Frilansarar har heller ikkje krav på yrkesskadetrygd eller yrkesskadeforsikring, men kan teikne dette frivillig, anten yrkesskadeforsikring hos private forsikringsselskap eller frivillig yrkesskadetrygd hos NAV.
Frilansarar har ikkje krav på pensjonsordning hos oppdragsgivar, men kan teikne eiga pensjonsordning. Frilansarar har på visse vilkår rett til dagpengar.
Regelverk og rettar for frilansarar
Nedanfor er ei oversikt over kva for regelverk som gjeld sosiale rettar for arbeidstakar, frilansar og sjølvstendig næringsdrivande.
| Regelverk/rettar | Arbeidstakar | Frilansar (oppdragstakar) | Sjølvstendig næringsdrivande |
|---|---|---|---|
| Sjukepengar (folketrygdlova) | 100 % dekning opptil 6 G (arbeidsgivar dekkjer dei første 16 dagane) | Inga dekning første 16 dagar. 100 % dekning frå og med 17. dag. Kan teikne tilleggstrygd. | Inga dekning første 16 dagar. 80 % dekning frå og med 17. dag. Kan teikne tilleggstrygd. |
| Arbeidsmiljølova. Arbeidstvistlova. Ferielova. Lønnsgarantilova. Permitteringslønnslova. | Er omfatta | Fell som hovudregel utanfor | Fell som hovudregel utanfor |
| Lov om obligatorisk tenestepensjon | Er omfatta | Fell som hovudregel utanfor, men kan teikne frivillig pensjonsforsikring | Fell som hovudregel utanfor, men kan teikne frivillig pensjonsforsikring |
| Yrkesskadeforsikring | Er omfatta | Fell som hovudregel utanfor, men kan teikne frivillig yrkesskadeforsikring | Fell som hovudregel utanfor, men kan teikne frivillig yrkesskadeforsikring |
| Særfordelar ved yrkesskade (Folketrygdlova) | Er omfatta | Fell utanfor med mindre det er teikna frivillig yrkesskadetrygd | Fell utanfor med mindre det er teikna frivillig yrkesskadetrygd |
| Dagpengar ved arbeidsløyse | Er omfatta | Er omfatta | Fell som hovudregel utanfor |
Det er mogleg å vera både sjølvstendig næringsdrivande og frilansar
Som sjølvstendig næringsdrivande sender du faktura på utført arbeid til kunden og du er sjølv ansvarleg for bokføring og betaling av forskotsskatt. Overskot i næring må du sjølv føre inn som næringsspesifikasjon i skattemeldinga. I andre tilfelle kan du få lønn der oppdragsgivar trekkjer skatt og arbeidsgivaravgift. Inntekter som frilansar (ikkje tilsett lønnstakar) kjem som førehandsutfylt inntekt i skattemeldinga di.