Skatt for norskregistrert utenlandsk føretak (NUF)
Skattemessig tilhøyrsle
Noko forenkla kan vi seie at i eit NUF som er oppretta av eit føretak i utlandet, og der heile verksemda blir styrt og driven i Noreg, vil både føretaket og NUF'et normalt vere skattemessig heimehøyrande i Noreg og dermed skattepliktig til Noreg for heile verksemda si.
Dersom føretaket er heimehøyrande i utlandet og styreleiinga går føre seg i utlandet, vil berre avdelinga vere skattepliktig til Noreg for verksemda som blir driven gjennom fast forretningsstad i Noreg. Dette gjeld også verksemd som består i utleige av arbeidskraft, og som blir driven for eiga rekning og risiko i Noreg.
Skatteplikta vil likevel kunne avgrensast dersom NUF'et blir leia frå utlandet og ikkje har fast forretningsstad eller heimstad i Noreg. Også skatteavtalar mellom Noreg og heimlandet vil kunne ha betydning for skatteplikta. Du bør derfor sette deg inn i eventuelle skatteavtalar.
Utrekning av skatt
Skatteutrekninga for NUF, som er skattepliktige til Noreg, vil vere avhengig av kva for organisasjonsform det utanlandske selskapet har. For utanlandske selskap med avgrensa ansvar (tilsvarande for eksempel aksjeselskap) skal det reknast 22 prosent skatt av overskotet i Noreg. Skatten, som blir kalla forskotsskatt, skal likevel ikkje betalast før året etter at overskotet er opptent.
For at NUF'et skal få rekna ut skatt, må det sendast inn søknad om endring av/krav om forskotsskatt for upersonlege skattytarar. Søknaden blir send via Skatteetaten.no. Ved ønske om endring av forskotsskatt, for eksempel på grunn av endringar i inntektene, bruker ein same søknadsløysing.
For NUF som tidlegare har levert skattemelding i Noreg, reknar ein forskotsskatten på grunnlag av den siste fastsettinga.
Betaling
Skatten skal betalast i to like terminar i løpet av første halvår året etter inntektsåret. Fristane er 15. februar og 15. april.
Dersom du reknar med at innbetalt skatt er for lågt i forhold til inntekter, slik at du kan risikere restskatt, kan du innan 31. mai betale tilleggsforskot.
Oversikt over kor mykje som skal betalast i skatt, blir send ut av Skatteetaten via Altinn i januar. Sørg for at kontaktinformasjonen til NUF'et er oppdatert i Altinn, slik at du kan få e-postvarsel når dette er tilgjengeleg.
Det blir sendt ut innbetalingsblankett med konto- og KID-nummer. Betalinga skjer til Skattetaten. Dersom du ønsker å betale tilleggsforskot, må du generere KID-nummer på Skatteetaten sine nettsider. Her finn du også riktig kontonummer for innbetaling.
Ved behandling av skattemeldinga blir eventuell restskatt rekna ut, og du får i så fall tilsendt innbetalingsblankett.
Rapportering
Skattemeldinga for avdelinga skal sendast inn til Skatteetaten via Altinn innan 31. mai. Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) skal levere skattemeldinga i rekneskapssystem eller årsoppgjerprogram, på same måte som aksjeselskap (AS).
Nokre utanlandske NUF, som er omfatta av EØS-regelverket, kan få tilgang til årsoppgjerprogram kostnadsfritt.
For å falle inn under dette regelverket må selskapet
- høyre heime i ein EØS-stat
- ha under 5 millionar i omsetning i Noreg
- ha midlertidig verksemd i Noreg
Ta kontakt med Skatteetaten via kontaktskjema og vel kategorien "Norskregistrert utanlandsk føretak" dersom dette gjeld verksemda di. I kontaktskjemaet må de oppgi namn og e-postadresse til representant for selskapet med signaturrett.
Også NUF utan omsetning i inntektsåret, eller som blei registrerte mot slutten av inntektsåret, må sende inn skattemelding.