Skatt for enkeltpersonføretak
I eit enkeltpersonføretak er det innehavaren (eigaren) som er personleg ansvarleg for dei forpliktingane verksemda tek på seg.
Føretaket er ikkje eit eige skattesubjekt, og som innehavar er det du som er ansvarleg for å betale inn skatten for føretaket.
Sjølv om du arbeider i føretaket vil ikkje uttak eller overføring av pengar til deg sjølv reknast som lønn. Det skal derfor ikkje reknast arbeidsgjevaravgift. Utbetalingar til innehavaren skal heller ikkje frådragsførast i rekneskapen til føretaket på same måte som ei lønnsutbetaling til ein tilsett, og vil derfor ikkje påverke det skattbare resultatet.
Eksempel
OverskotEit overskot er når inntektene for ein periode er større enn kostnadene for same periode. i føretaket før utbetaling til innehavaren: 50 000 kroner
Ditt uttak frå føretaket: 30 000 kroner
Skattbart overskot: 50 000 kroner
Kor mykje skatt skal du betale?
Skatteprosenten (marginalskatten) vert rekna av den totale inntekta di, både frå føretaket og eventuell anna inntekt.
For dei fleste vil skatteprosenten liggje ein stad mellom 33,1 og 50,6 prosent.
Skatten vil vere noko høgare for næringsinntekta enn for tilsvarande lønnsinntekt, fordi skatten for næringsinntekta inneheld ei noko høgare trygdeavgift (trygdeavgifta for lønnstakarar er 7,9 prosent og for næringsinntekt 11,1 prosent). Det skal reknast ut skatt av alt overskot. Det er altså ingen eigne beløpsgrenser som må passerast før skatteplikta startar å gjelde.
Skattesatser 2022 (Finansdepartementet)
Skattesatser 2023 (Finansdepartementet)
Forskotsskatt
Du må betale skatt forskotsvis. Det er ingen automatikk i at du får tilsend faktura på forskuddsskatt. Du må derfor sjølv melde endringar av inntekta for å få rekna ut forskotsskatten din. Dette gjer du ved å sende inn skjema "Endre skattekort/forskottsskatt".
Skatteetaten – endre skattekort/forskuddskatt
Når Skatteetaten har rekna ut kor mykje skatt du skal betale, vil du få ei faktura for kvar termin i din innboks i Altinn.
Dersom du reknar med å ha underskot det første året, skal du ikkje sende inn skjema for utrekning av forskotsskatt. Underskotet skal i staden gjevast opp i skattemeldinga di.
Forskuddsskatt for enkeltpersonforetak
Ektefellar og sambuarar
Dersom du er gift og ektefellen din jobbar i føretaket, skal ikkje utbetalingar til ektefellen behandlast som lønn. Ektefellen vil altså ikkje kunne behandlast som ein tilsett og utbetalinga vil ikkje kunne frådragsførast i rekneskapen til føretaket. Overskotet/underskotet til føretaket kan i staden fordelast på dykk etter ei heilskapsvurdering av arbeidsinnsatsen til ektefellen og deg. Dersom de ikkje gjer ei fordeling, vil inntekta leggjast til innehavaren av føretaket.
For sambuarar er regelen annleis. Ein sambuar som arbeider i den andre sitt enkeltpersonføretak må tilsetjast. Han/ho vil få lønn, og utbetalinga kan førast til frådrag i rekneskapen til føretaket. Utbetalinga vil vere arbeidsgjevaravgiftspliktig.
Rapportering til Skatteetaten
Rapportering av over-/underskot skjer årleg gjennom den ordinære skattemeldinga di for inntekt og formuesskatt med eventuelle vedlegg. Frå og med inntektsåret 2021 blir det innført ny skattemelding for næringsdrivande. Du kan enten sende inn skattemeldinga di direkte via skatteetaten.no eller via rekneskaps- eller årsoppgjersprogrammet ditt.
I nokre rekneskaps- eller årsoppgjersprogram kan du ta stilling til og sende inn all informasjon om enkeltpersonføretaket og deg direkte frå programmet.
I andre rekneskaps- eller årsoppgjersprogram overfører du informasjonen om enkeltpersonføretaket frå programmet og sender inn informasjonen frå deg privat via skatteetaten.no.
Skatteetaten om ny skattemelding for næringsdrivande
Korleis betale skatten
Etter at du har fått rekna ut forskotsskatten din, vil Skatteetaten sende ut innbetalingsblankett til riktig periode.
Periodane forfell:
- 15. mars
- 15. juni
- 15. september
- 15. desember.
Skatten må betalast innan fristen for å unngå tilleggsskatt ved for sein betaling. Dersom du ser at omsetninga er høgare enn føresett, kan du betale inn ekstra skatt; tilleggsforskot.
Dette gjer du ved å generere eit KID-nummer på Skatteetatens nettsider. Her finn du også kontonummer for betaling av skatten.
Frådrag
Kostnader til drifta av verksemda gjev som hovudregel rett til frådrag. Alle kostnader og anskaffingar skal dokumenterast med originale vedlegg og førast i rekneskapen til føretaket. Frådrag for bruk av bil, kostnader til telefon og internett (ek-tenester) og frådrag for heimekontor følgjer av eigne reglar.
Kostnader til kurs for å halde deg oppdatert på det fagfeltet du arbeidar med, kan normalt frådragsførast. Utdanning og vidareutdanning kan derimot ikkje frådragsførast.
Fradragsveiviser for enkeltpersonforetak
Kostnader i samband med oppstarten
Det første året du blir behandla som næringsdrivande, kan du få godkjent inntil dei 5 føregående åra som oppstartsår for føretaket. Du vil dermed kunne få frådrag for anskaffingar til næringsverksemda i denne perioden.
Gratis kurs for nye næringsdrivande
Skatteetaten arrangerer kurs tilpassa deg som nett har starta verksemd. Kursa vert arrangerte over heile landet og er gratis.
Du kan velje mellom kurs for enkeltpersonføretak eller aksjeselskap (AS). Det finnast også kurs på engelsk.