Årsrekneskap for konsern

Eit morselskap og eitt eller fleire dotterselskap utgjer eit konsern. For å bli rekna som eit morselskap må du ha bestemmande innverknad over ei anna verksemd, enten som eigar av aksjar eller andelar, eller gjennom annan avtale.


Konsernrekneskapsplikta

Er du morselskap i eit konsern må du i tillegg til selskapsrekneskapen utarbeide ein konsernrekneskap. Dette utarbeider ein ved å slå saman rekneskapane til morselskapet og dotterselskapa. Formålet er å vise stillinga til konsernet som ei økonomisk eining. Ved utarbeidinga av konsernrekneskapen må alle transaksjonane mellom mor og dotterselskapet bli tatt ut av rekneskapen (eliminerast).

Unntak frå konsernrekneskapsplikta

Verksemder som kjem inn under rekneskapslova sin definisjonen av små føretak, kan som hovudregel unnlate å utarbeide konsernrekneskap. Det er konsernet samla sett som må kome inn under definisjonen av små føretak for å kunne bruke dette unntaket.

Eit morselskap vil heller ikkje vere pliktig til å utarbeide konsernrekneskap dersom dotterselskapa, både kvar for seg og samla, er:

  • av uvesentleg betydning for verksemda
  • anskaffa med sikte på mellombels eige og blir halden i påvente av sal
  • særleg vanskeleg og uforholdsmessig kostbart å hente inn informasjon om dotterselskapet innan ein rimeleg frist

Unntaket gjelder også der det er alvorlege og langvarige avgrensingar som i vesentleg grad er til hinder for morselskapet si utøving av rettane sine.

Plikta til å utarbeide konsernrekneskap gjeld normalt heller ikkje for rekneskapspliktige som sjølv er dotterselskap. Det er ein føresetnad at morselskapet får dispensasjon frå kravet om å utarbeide eigen konsernrekneskap dersom morselskapet som utarbeider konsernrekneskapen ikkje høyrer heime i ein EØS-stat.

Kva skal sendast inn?

Når verksemda er morselskap i konsern og konsernrekneskapspliktig må du saman med årsrekneskapen for selskapet også sende inn:

  • Resultatrekneskap for konsernet
  • Balanse for konsernet
  • Notar til rekneskapen for konsernet
  • Kontantstraumoppstilling for konsernet
  • Revisjonsmelding for konsernet (dersom revisjonspliktig)
  • Årsmelding for konsernet
  • Vedtak om dispensasjon fra Skattedirektoratet hvis årsregnskapet ikke er på norsk

Rekneskapslova om innhaldet i årsrekneskapen og unntak frå konsernrekneskapsplikta

Åpne kontaktskjema