Skifte organisasjonsform
Når kan omdanning skje?
Dei einaste unntaka er endring (omdanning) mellom AS og ASA, SA og AS og mellom ANS og DA. I alle andre tilfelle må det registrerast ei ny verksemd med nytt organisasjonsnummer, heilt lausrive frå den gamle organisasjonen sine forpliktingar og rettar. Dersom for eksempel deltakarane i eit ansvarleg selskap heller vil drive aktiviteten sin gjennom eit aksjeselskap, må dei registrere eit nytt aksjeselskap.
Fremgangsmåte ved endring
Det normale når ein endrar organisasjonsform er at ein slettar verksemda ein endrar frå. Det er likevel ikkje noko i vegen for å behalde den tidlegare registreringa dersom ein held fram med å driva næringsverksemd og dette er hensiktsmessig. Ver merksam på at innsendingspliktene da vil vere i behald.
Dersom ei av desse organisasjonsformene skal oppløysast for å halde fram i ei anna organisasjonsform, kan Føretaksregisteret ta med informasjon i kunngjeringa om at aktiviteten skal halde fram i ei anna organisasjonsform. Dette må da meldast frå om til Føretaksregisteret når oppløysingsmeldinga blir sendt inn til registrering.
Både sletting og nyregistrering blir melde via Samorda registermelding.
Ved registrering av den nye verksemda er det viktig å opplyse kven aktiviteten er tatt over frå. Motsatt skal slettemeldinga opplyse kven aktiviteten blir dratt over til. Du finn eigne felt for overtaking/overdraging i skjemaet.