Samordna registermelding - registrering av nye og endring av eksisterande verksemder
Meldingar om foreiningar, eigarseksjonssameige og tingsrettsleg sameige
24. mai vart Samordna registermelding stengd for desse organisasjonsformene. Meldingar som ikkje vart signerte og sende inn før denne datoen, vil bli avviste.
2. juni opna vi ei ny teneste for foreiningar, eigarseksjonssameige og tingsrettsleg sameige.
Her kan du registrere nye verksemder, som til dømes enkeltpersonføretak, aksjeselskap, ansvarlege selskap, samvirkeføretak og stiftelsar. Dei aller fleste organisasjonsformene kan bruke denne tenesta.
Du kan òg endre registrerte opplysningar, eller oppløyse og slette verksemda.
Skal du starte eit enkeltpersonføretak? Er du godt førebudd på kva dette inneber?
Sjå oppstartsrettleiaren vår før du går i gang med registreringa.
Kven kan bruke tenesta?
Tenesta kan brukast av alle privatpersonar, men krev at du loggar inn med ID-porten (sikkerheitsnivå 3 eller høgare).
Meir om tenesta
Denne tenesta kan du bruke for å melde opplysningar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret, NAV Aa-registeret, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB, Stiftingsregisteret og Skattedirektoratet sitt register over skattytarar.
Skjemaet er berre tilgjengeleg på bokmål.
Signering
Når du skal signere meldinga, vil du motta ei signeringsoppgåve i innboksen din i Altinn. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. Meir om signering.
Signere på vegner av ei verksemd
For å signere på vegner av ei verksemd, treng du tilgangspakken Starte, endre og avvikle verksemd. Om du ikkje har denne, må du få nokon i verksemda til å gi deg denne tilgangen.
Dei som kan gi tilgangen til å signere på vegner av ei verksemd er: Styreleiar, dagleg leiar, innehavar og deltakar.
Korleis gi fullmakt til tilgangspakkar?
Opplysninger som ikke kan meldes
Sjå avgrensingar/opplysningar som ikkje kan meldast elektronisk.
Personvern
Registrere foreiningar, eigarseksjonssameige og tingsrettsleg sameige?
2. juni opnar me ny teneste for foreiningar, eigarseksjonssameigar og tingsrettsleg sameige.
Her kan du registrere nye verksemder, endre på registrerte opplysningar eller slette verksemder i Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
Den nye tenesta heiter Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
Registrere i Frivilligregisteret?
I Frivilligregisteret kan du registrere foreiningar, stiftelsar og aksjeselskap. Du kan òg endre eller slette opplysningar.
Verksemda må vere registrert i Einingsregisteret og driva frivillig aktivitet for å bli registrert. Registrering i Frivilligregisteret er gratis. Det er heller inga årsavgift ved å vere registrert.
Her finn du tenesta for Registrering i Frivilligregisteret.
