Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Brønnøysundregistera
  4. Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret

Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret

Signering på vegner av verksemd

Meldingar som blir sende til signering til ei verksemd (forretningsførar, revisor og rekneskapsførar) må signerast av enten dagleg leiar eller styreleiar hos denne verksemda.

Det er foreløpig ikkje mogleg å delegere tilgangen til å signere. Vi er i dialog med Altinn om korleis dette kan løysast.

Her kan du registrere nye verksemder, endre registrerte opplysningar eller slette verksemder i Einingsregisteret og Føretaksregisteret.

Du kan føreløpig berre melde opplysningar på desse organisasjonsformene i den nye tenesta.

  • Foreining 

  • Eigarseksjonssameige

  • Tingsrettsleg sameige

Kven kan bruke tenesta?

Tenesta kan brukast av alle privatpersonar og verksemder, men krev at du loggar inn med ID-porten (tryggingsnivå 3 eller høgare).

Meir om tenesta

Denne tenesta kan du bruke for å melde opplysningar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret, NAV Aa-registeret, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB og Skattedirektoratet sitt register over skattytarar.

Signering

Når du skal signere meldinga, vil du motta ei signeringsoppgåve i innboksen din i Altinn. 

Om du som fyller ut skal signera, får du ikkje tilsendt ei signeringsoppgåve, men signerer direkte i skjemaet. Meldinga blir ikkje send til behandling før alle har signert. 

Signere på vegner av ei verksemd 

Dei som kan signere på vegner av ei verksemd er:

  • styreleiar

  • dagleg leiar

Det er foreløpig ikkje mogleg å delegere tilgangen til å signere. Vi er i dialog med Altinn om korleis dette kan løysast.

Personvern

Brønnøysundregistera si personværnærklæring. 

Registrere i Frivilligregisteret?

I Frivilligregisteret kan du registrere

  • foreiningar

  • stiftelsar

  • aksjeselskap

Du kan òg endre eller slette opplysningar.

Verksemda må vere registrert i Einingsregisteret og driva frivillig aktivitet for å bli registrert.

Registrering i Frivilligregisteret er gratis. Det er heller inga årsavgift ved å vere registrert.

Her finn du tenesta for Registrering i Frivilligregisteret.

Registrere andre organisasjonsformar?

Skal du registrere, endre eller slette andre organisasjonsformar, som for eksempel

  • enkeltpersonføretak

  • aksjeselskap

  • ansvarlege selskap

  • samvirkeføretak 

  • stiftelsar

Då må du framleis bruka tenesta Samordna registermelding.