Arbeidsgjevaravgift
Som arbeidsgjevar har du ansvar for å rekne ut og betale inn arbeidsgjevaravgift. Grunnlaget for utrekninga er i utgangspunktet brutto lønn. Satsen for utrekninga av arbeidsgjevaravgift varierer mellom 0 og 14,1 prosent alt etter kor i landet verksemda er lokalisert.
Soner for differensiert arbeidsgivaravgift
Dei enkelte kommunane er plasserte i ulike soner med tilhøyrande differensierte avgiftssatsar. Dersom du driv verksemder i fleire kommunar skal du som hovudregel rekne ut arbeidsgjevaravgift etter satsen som gjeld i den kommunen verksemda er registrert.
Skatteetaten om arbeidsgiveravgift
Skatteetaten - avgiftssatser og beregning
Dersom du er tilsett i eige aksjeselskap skal det også reknast ut og betalast arbeidsgjevaravgift av eiga lønn.
Innehavarar av enkeltpersonføretak skal likevel ikkje rekne ut arbeidsgjevaravgift av private uttak.
Ekstra arbeidsgivaravgift
Dersom arbeidstakar si lønn og anna godtgjersle for arbeid overstig 750 000 kroner, skal arbeidsgivar betale 5 prosent ekstra arbeidsgivaravgift på den delen som overstig 750 000 kroner.
Eksempel:
Om ein tilsett har hatt inntekt på 850 000 kroner hos same arbeidsgivar i 2023, vil det vere 100 000 kroner (lønn som overstig 750 000 kroner) arbeidsgivar skal berekne 5 prosent ekstra arbeidsgivaravgift av.
Sone I (14,1%) | Sone IV (5,1) | |
---|---|---|
Ordinær arbeidsgivaravgift | 850 000 * 14,1% = 119 850 kroner | 850 000 * 5,1% = 43 350 kroner |
Ekstra arbeidsgivaravgift | 100 000 * 5% = 5 000 kroner | 100 000 * 5% = 5 000 kroner |
Totalsum arbeidsgivaravgift | = 124 850 kroner | = 48 350 kroner |
Skatteetaten om ekstra arbeidsgivaravgift
Rapportering og betaling
Forskotstrekk (skattetrekk) og arbeidsgjevaravgift skal innbetalast seks gonger i året. Grunnlaget for betalinga finn du i a-meldinga som du plikter å rapportere den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller andre godtgjersler. Det vert ikkje sendt ut eit eige krav frå skattemyndigheitene.
Folketrygdloven om plikt til å betale arbeidsgiveravgift