Arbeidsgjevaravgift
Som arbeidsgjevar har du ansvar for å rekne ut og betale inn arbeidsgjevaravgift.
Soner for differensiert arbeidsgivaravgift
Dei enkelte kommunane er plasserte i ulike soner med tilhøyrande differensierte avgiftssatsar. Satsen for utrekninga av arbeidsgjevaravgift varierer mellom 0 og 14,1 prosent alt etter kor i landet verksemda er lokalisert. Grunnlaget for utrekninga er i utgangspunktet brutto lønn.
Dersom du driv verksemder i fleire kommunar skal du som hovudregel rekne ut arbeidsgjevaravgift etter satsen som gjeld i den kommunen verksemda er registrert.
Forskotstrekk (skattetrekk) og arbeidsgjevaravgift skal innbetalast seks gonger i året. Grunnlaget for betalinga finn du i a-meldinga som du plikter å rapportere den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller andre godtgjersler. Det vert ikkje sendt ut eit eige krav frå skattemyndigheitene.