Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Tolletaten
  4. Søknad om bindande klassifiseringsfråsegn (BKU) i samsvar med gjeldande tolltariff

Søknad om bindande klassifiseringsfråsegn (BKU) i samsvar med gjeldande tolltariff (RD-0009)

Bindande klassifiseringsfråsegn (BKU) er eit tilbod til importørar, eksportørar og produsentar som ønskjer førehandsfråsegn om klassifiseringa av ei vare i samsvar med gjeldande tolltariff.

Når skal skjemaet brukast?

Bindande klassifiseringsfråsegn (BKU) er eit tilbod til importørar, eksportørar og produsentar som ønskjer førehandsfråsegn om klassifiseringa av ei vare i samsvar med tolltariffen.

Er du usikker på kva for eit varenummer vara di har i den norske tolltariffen, kan du be om ei bindande klassifiseringsfråsegn.

Varenummeret skal skrivast inn i deklarasjonen ved import og eksport. Har du varenummeret vil du også på toll.no kunne finne informasjon om moglege tollavgiftssatsar, andre avgifter, forbod/påbod og ev. løyve.

Kven skal bruke skjemaet?

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Regnskapsmedarbeider. Du treng rolla Post/arkiv for å sjå kvitteringar/stadfestingar frå Tolletaten.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sidan Profil. Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.

Bindande klassifiseringsfråsegn (BKU) er eit tilbod til importørar, eksportørar og produsentar som ønskjer førehandsfråsegn om klassifiseringa av ei vare i samsvar med tolltariffen.

Den som planlegg ein import eller eksport av ei vare og ønskjer å identifisere varet med eit varenummer i tolltariffen kan søkje om å få vara si klassifisert av Tolletaten.

Viss søkjaren ikkje høyrer heime i Noreg, må Tolletaten ved Vareførselsdivisjonen, Klassifiseringsavdelingen blir kontakta for å få tilsendt eige søknadsskjema.

Kva skal eg leggje ved?

Legg ved tilleggsinformasjon som gode bilete/illustrasjonar, produktdatablad, ingrediensliste utskrive av produsent osb., sjølv om du evt. skal ettersende vareprøver. Nokre gonger er det også ønskjeleg å sjå framstillings-/og virkemåte i eit flytdiagram eller liknande.

Hugs at sjølv om vedlegg inneheld vareskildring skal rubrikken Vareskildring i søknaden fyllast ut med nødvendig informasjon/fullstendig vareskildring.

Godkjende filformat for vedlegg hos Tolletaten er .jpeg, .docx, .jpg, .pdf, .pptx, og .xlsx

Meir om skjemaet

Det er tre steig i prosessen for å sende inn dette skjemaet

  1. Utfylling
  2. Innsending
  3. Kvittering


Utfylling

  • Utfylling – Søkjarinformasjon

Utfyllinga er tre-delt der dei to første delane er for å gi informasjon om søkjar og kontaktinformasjon. Det er viktig å gi rett og detaljert informasjon slik at saksbehandlar lett kan innhente tilleggsopplysningar, stille spesifikke spørsmål og liknande.

  • Utfylling – Vareinformasjon

Beskriv vara så godt som mogleg, slik at den som behandlar søknaden kan «sjå produktet for seg». Gjeld søknaden næringsmiddel, skal prosentvis ingrediensliste på norsk/omsett til norsk blir ført opp dersom dette ligg føre.

Merk: Du kan berre søkje om bindande klassifiseringsfråsegn for ei vare per søknad.

Innsending

Innsending skjer når du klikkar på knappen send inn. Skjemaet vil då bli lagra under Arkiv i din Altinn innboks og sendt til Tolletaten.

Kvittering

Du vil få ei kvittering frå Altinn med eit referansenummer. Du vil seinare få ein e-post direkte frå Tolletaten med saksnummer. Dette saksnummeret bruker du ved kontakt med Tolletaten om du skal ettersende vareprøver eller annan informasjon.