Tilretteleggingsmidlar til barnehageeigar – lokale prioriteringar
NB! Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus nyttar eit eige skjema til dette. Du finn informasjon om dette på nettsida deira.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark bruker eit eige skjema til dette. I august legg dei ut informasjon og søknadsskjema for barnehageåret 2025/2026 på nettsidene sine. Søknadsfristen er 1. september.
Barnehageeigarar kan søkje om lokale tilretteleggingsmidlar for tilsette som tek utdanning. Denne ordninga gjeld ikkje for vidareutdanningar som ein kan søkje støtte til via Udir-portalen.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet for verksemda di, må du ha ei rolle, ei tilgangspakke eller ein rett til ei enkeltteneste for verksemda di i Altinn. Det er rollene «Hovudadministrator» og «Tilgangsstyring» i verksemda som kan tildele tilgang for verksemda. Tilgang kan givast på tre måtar:
- Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre til dette skjemaet.
- Tilgangspakke(-r): For å kunne nytte dette skjemaet, må du ha følgjande tilgangspakkar for verksemda:
- Tilskudd, støtte og erstatning
- Rolle: Fram til 19.6.2026 er det mogleg å tildele rolle i Altinn. Det er rollene «Utfyllar/innsendar» og «Dagleg leiar» som gir deg tilgang til dette skjemaet.
Roller kan ikkje nyttast etter 31.12.2026. Frå 1.1.2027 er det berre enkeltteneste og tilgangspakke som gir tilgang til å bruke skjemaet.
Treng du hjelp?
Teknisk brukerstøtte https://www.statsforvalteren.no/hjelp