Kommunal garanti – søknad om godkjenning
For kommunar som skal søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Slik søknad må sendast når beløpet som kommunen skal garantere for, overstig ei bestemt grense. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet for verksemda di, må du ha ei rolle, ei tilgangspakke eller ein rett til ei enkeltteneste for verksemda di i Altinn.
Det er rollene «Hovudadministrator» og «Tilgangsstyring» i verksemda som kan tildele tilgang for verksemda. Tilgang kan givast på tre måtar:
- Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre til dette skjemaet.
- Tilgangspakke(-r): For å kunne nytte dette skjemaet, må du ha følgjande tilgangspakkar for verksemda:
- «Finansiering og forsikring»
- Rolle: Fram til 19.6.2026 er det mogleg å tildele rolle i Altinn. Det er rollene «Utfyllar/innsendar» og «Dagleg leiar» som gir deg tilgang til dette skjemaet.
Roller kan ikkje nyttast etter 31.12.2026. Frå 1.1.2027 er det berre enkeltteneste og tilgangspakke som gir tilgang til å bruke skjemaet.
Treng du hjelp?
Teknisk brukerstøtte https://www.statsforvalteren.no/hjelp