Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Fritak frå teieplikt

Politi eller advokat (prosessfullmektig) kan søkje om fritak frå teieplikt for tilsette i skule, barnehage, barnevern, sosialetaten og dei som arbeider med oppgåver etter introduksjonslova. Fritaket gjeld når vedkommande skal vitne i ei rettssak eller gje forklaring i politiavhøyr om eit konkret straffbart forhold.
 
Kven skal bruke skjemaet?

 

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet for verksemda di, må du ha ei rolle, ei tilgangspakke eller ein rett til ei enkeltteneste for verksemda di i Altinn.

Det er rollene «Hovudadministrator» og «Tilgangsstyring» i verksemda som kan tildele tilgang for verksemda. Tilgang kan givast på tre måtar:

        Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre til dette skjemaet.

        Tilgangspakke(-r): For å kunne nytte dette skjemaet, må du ha følgjande tilgangspakkar for verksemda:

o   «Politi og domstol»

        Rolle: Fram til 19.6.2026 er det mogleg å tildele rolle i Altinn. Det er rollene «Utfyllar/innsendar» og «Dagleg leiar» som gir deg tilgang til dette skjemaet.

Roller kan ikkje nyttast etter 31.12.2026. Frå 1.1.2027 er det berre enkeltteneste og tilgangspakke som gir tilgang til å bruke skjemaet.

 

Treng du hjelp?