Rapportering om valutahandel (RA-0628)
Bankar som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi informasjon om daglege transaksjonsdata over kjøp og sal av norske kroner mot utanlandsk valuta frå dei største bankane. Opplysningane blir nytta til å gi informasjon om kva for aktørar som har vore aktive i valutamarknaden og kva for type kontraktar som er inngått.
Dagleg.
Frist for innsending er seinast ved utløpet av etterfølgjande arbeidsdag.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Regnskap og økonomirapportering», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».
Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».
Spørsmål om skjemaet?
Meir informasjon og beskriving av vedleggsfiler finn du her