Bankar som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi informasjon om daglege transaksjonsdata over kjøp og sal av norske kroner mot utanlandsk valuta frå dei største bankane. Opplysningane blir nytta til å gi informasjon om kva for aktørar som har vore aktive i valutamarknaden og kva for type kontraktar som er inngått.
Start tenesteDagleg.
Frist for innsending er seinast ved utløpet av etterfølgjande arbeidsdag.
Bankar som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/Innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Skjemaet krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».