Skjemaet skal brukast av leverandørar av kassasystem for å erklære at systemet samsvarer med kassasystemlova og kassasystemforskrifta.
Start tenesteProdukterklæring skal kun leverast av leverandørar som tilbyr kassasystem for sal eller utlån til bokføringspliktige, enten sjølv eller gjennom forhandlarar. Som leverandør reknast produsent og importør, og forhandlarar og andre som tilpassar seg kassasystem for dei bokføringspliktige. Bokføringspliktige som brukar kassasystem skal ikkje levere produkterklæring.
For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar / innsendar, Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.
Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett eller Rekneskapsførar med signeringsrett.
Om selskapet er revisorpliktig, er det krav om rolla Revisortilgang eller Ansvarleg revisor.
Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Rettleiing om roller og rettar finn du på hjelpesidene våre.
Kontroller at du har dei nødvendige rollene i god tid før fristen for innrapportering.
Skjemaet skal nyttast av leverandørar av kassasystem for å erklære at systema ein legg inn i skjemaet, er i samsvar med kassasystemlova og kassasystemforskrifta. Skjemaet inneheld detaljar om systema, slik som produsent, modell, versjon og om kassasystemet støttar integrasjon mot kassaskuff.
Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000