Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Skatteetaten
  4. Mva-melding (meirverdiavgift) (Tidlegare RF-0002, RF-0004, RF-0005)

Mva-melding (meirverdiavgift) (Tidlegare RF-0002, RF-0004, RF-0005)

Alle verksemder som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret, skal levere mva-melding (tidlegare RF-0002, RF-0004). Du finn meir informasjon om mva-meldinga her: Sjå, endre og levere mva-melding på skatteetaten.no

Næringsdrivande og offentlege verksemder som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret, skal levere mva-melding for omvendt avgiftsplikt (tidlegare RF-0005). Dette gjeld viss verksemda i løpet av eit kvartal har kjøpt avgiftspliktige tenester frå utlandet, Svalbard eller Jan Mayen. Gjeld også ved kjøp av innanlandske klimakvoter og/eller gull.

Du finn meir informasjon om mva-meldingar og beløpsgrenser her: Sjå, endre og levere mva-melding på skatteetaten.no

 Opplysningsplikta er heimla i lov om skatteforvaltning.