Gjennom EØS-avtalen har Noreg forplikta seg til å opprette eit nasjonalt register for offentleg stønad for stønadstildelingar over 100 000 euro. Reduksjonar i skatt og avgift vert rekna som offentleg stønad. For å oppfylle forpliktingane må foretak som får reduksjon i skatt eller avgift levere RF-1354 dersom stønaden ikkje går fram av annan rapportering til Skatteetaten.

Registeret skal medverke til at opplysningane om offentleg stønad er tilgjengeleg for offentlegheita, og slik sikre ein konkurransedyktig indre marknad.

Start teneste

Om denne tenesta

Det skal meldast inn årleg

 

  1. 31.januar        Altinn opnar for innlevering
  2. desember:       Frist for innlevering av opplysningar om offentleg stønad for året før

 

Ei stønadstildeling vert unikt identifisera av stønadsmottakar (foretak + eventuell verksemd), vald stønadsordning og år.

 

KORRIGERING

Dersom det er feil i innleveringa kan ein rette opp i dette ved å levere inn på nytt (med same stønadsmottakar, ordning og år) og korrigere øvrige opplysningar

 

Dersom ein ynskjer å nulle ut ei tidlegare innsending, må ein sende inn på nytt (med same stønadsmottakar, ordning og år) der stønadsbeløpet vert sett til kr 0

 

Siste innsending gjeld

Skjemaet skal leverast av stønadsmottakar dersom stønaden overstig beløpsgrensa på 100 000 euro, og stønaden er gjeve i form av reduksjon i skatt eller avgift.

Berre foretak som driv økonomisk aktivitet skal levere skjemaet. Statlege og kommunale foretak som ikkje driv økonomisk aktivitet har ikkje rapporteringsplikt.

For å fylle ut og signere dette skjemaet treng du Altinn-rolla Regnskapsmedarbeider, Revisormedarbeider, Regnskapsfører uten signeringsrett, Regnskapsfører lønn, Utfyller/innsender, Begrenset signeringsrettighet eller Regnskapsfører med signeringsrett. Om selskapet er revisorpliktig må ein ha rolla Revisorrettighet eller Ansvarlig revisor.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg.

Føremålet med skjemaet er at foretak som mottek stønad i form av reduksjon i skatt eller avgift kan rapportere dette til Skatteetaten. Skatteetatan vil melde stønaden vidare til det nasjonale registeret i Brønnøysund

Trenger du hjelp?

Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema