Skjemaet kan brukast av alle som skal klage på vedtak for dette:
Fastsett grunnlag for formue- og inntektsskatt:
- tilleggsskatt for formue og inntekt
- tilleggsskatt for meirverdiavgift
- styresmaktsfastsetting av meirverdiavgift
Tvangsmulkt som er pålagd for manglande levering av
- A-meldinga
- mva-meldinga
Start teneste
Alle andre enn fysiske personar som har fått vedtak frå Skatteetaten skal bruke dette skjemaet når dei ønskjer å klage på vedtaket.
Du skal bruke RF-1521 Klage på vedtak om tvangsmulkt og overtredelsesgebyr dersom du vil klage på vedtak om
tvangsmulkt for manglande levering av
Sjå også informasjon på Skatteetaten si side om RF-1364 Klage på vedtak skatteetaten.no/kontakt/klage
Dette klageskjemaet gjeld berre for klage på vedtak som er knytt til eit organisasjonsnummer.
Dersom klagen gjeld forhold knytt til eit fødselsnummer, skal du bruke følgjande utgåve av skjemaet:
Klage på vedtak (for rapportering med fødselsnummer)
Den som fyller ut skjemaet, må ha Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett. Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett eller Rekneskapsførar med signeringsrett. Om selskapet er revisorpliktig, er det krav om rolla Revisortilgang eller Ansvarleg revisor.
Dei som har slike roller, kan delegere dei vidare ved behov.
Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar
Kontroller at den som skal sende klaga, har dei nødvendige rollene i god tid før klagefristen.
I nedtrekksmenyen i skjemaet (under "Kva for vedtak klagar du på?") markerer du kva for vedtak du ønskjer å klage på.
NB! Dersom klagen inneheld sensitive opplysningar (til dømes om sjukdom), må klagen sendast i brev til skattekontoret.
Fagleg brukarstøtte svarer på spørsmål knytta til utfylling av skjema.