Bruk dette skjemaet dersom du skal sende inn svar eller andre meldingar til Patentstyret i varemerke-, design- og patentsaker. Ver merksam på at det finst eigne skjema for å sende inn nye søknader og for enkelte andre meldingar
Start tenesteEventuelle fristar er gitt i den einskilde saka og omtalte i brev sende frå Patentstyret.
Du kan levere skjemaet som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Dersom du ønskjer å representere ein organisasjon, treng du Altinn-rolla Patent, varemerke og design.
Kvittering
Kvittering finn du på Altinn si kvitteringside som kjem opp når du har levert søknaden. Der kan du også velje å få kvitteringa tilsend på e-post eller du kan laste den ned til din eigen PC.
Korrespondansen din blir offentleg
Alle dokument knytte til korrespondansen vil bli publiserte på nettsidene våre. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å halde forretningsløyndomar unna offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysingar i søknaden eller i vedlegg som dette skal gjelde. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheita.
Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.
Telefon: +47 22 38 73 00
E-post: post@patentstyret.no