Dette skjemaet skal brukast av oppdrettsnæringa til å melde frå om velferdshendingar på ein lokalitet, mistanke om listeførte sjukdomar, eller nye smittsame sjukdomar på oppdrettsfisk.
Start tenesteSkjemaet for varsling om velferdshending som skjer på lokalitet skal brukast av oppdrettsnæringa (inkludert fiskehelseteneste, transportør av fisk og andre fartøy i kontakt med fisk). Dersom hendinga skjer på eit fartøy eller eit slakteri, skal du varsle Mattilsynet via e-post – meir informasjon om korleis slike hendingar skal varslast finn du under «Varsle om fisk og akvakultur» på Mattilsynet sine nettsider.
For varsling om listeført sjukdom eller ny smittsam sjukdom på oppdrettsfisk skal dette skjemaet brukast av oppdrettsnæringa (inkludert fiskehelseteneste, slakteri, transportør av fisk og andre fartøy i kontakt med fisk, Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet og andre laboratorium) til å varsle om mistanke om eller påvising av ein listeført sjukdom eller ny smittsam sjukdom hos oppdrettsfisk.
Om du brukar skjema som privatperson, er det ingen krav om Altinn-rolle. Dersom du brukar skjema på vegne av ei verksemd, treng du å ha Altinn-rollene Rekneskapsmedarbeidar eller Dagleg leiar, eller direkte tildelt tilgang til skjemaet på vegner av verksemda.
Mattilsynet skal varslast med ein gong ved forhold som har medført alvorlege velferdsmessige konsekvensar for akvatiske dyr, som sjukdom, alvorleg dødsfallsepisode, skade eller svikt. Med «umiddelbart» meinast med ein gong og så snart du forstår – eller burde forstå – at det er ei varslingspliktig hending. Varslingsplikta gjeld òg ved gradvis negativ påverknad som etter kvart fører til dårleg fiskevelferd.
Mattilsynet skal varslast ved ein kvar grunn til mistanke om eller påvising av ein listeført sjukdom eller ny smittsam sjukdom hos oppdrettsfisk eller andre akvakulturdyr. All informasjon frå analyselaboratorium skal vidareformidlast i varselet som vert sendt til Mattilsynet. Dersom det finst laboratoriesvar, skal dette leggjast ved i skjemaet.
Varslingsplikta for velferdshendingar følgjer av dyrevelferdsloven og er presisert i ulike forskrifter for aktørar innan akvakultur:
* Dyrevelferdsloven § 5 (Lov 19. juni 2009 nr. 97 om dyrevelferd)
* Akvakulturdriftsforskriften § 14 (Forskrift 17. juni 2008 nr. 822 om drift av akvakulturanlegg)
* Slakteriforskriften § 9b
* Transportforskriften § 10 (Forskrift 17. juni nr. 820 om transport av akvakulturdyr)
Varslingsplikta for listeførte sjukdomar følgjer av matloven og er presisert i ulike forskrifter:
* Matloven § 6 (Lov 19. des. 2003 nr . 124 om matproduksjon og mattrygghet mv.)
* Dyrehelseforskriften § 7 (Forskrift 6. apr. 2022 nr. 631 om dyrehelse)
* Forskrift om slakterier mv. for akvakulturdyr § 9 (Forskrift 30. okt. 2006 nr. 1250 om slakterier og tilvirkingsanlegg for akvakulturdyr)
Ytterlegare rettleiing knytt til varslingsplikta finn du i varslingsrettleiaren til Mattilsynet og under «Varsle om fisk og akvakultur» på Mattilsynet sine nettsider. Mattilsynet er skjemaeigar.