Melding om reindrift
Skjemaet blir brukt i samband med innlevering av årleg melding om reindrift til statsforvaltaren. Les informasjonen under "Om denne tenesta" før du startar utfyllinga av skjemaet.
Når skal skjemaet brukast?
Ved årleg innlevering av melding om reindrift. Fristen for innlevering er 31. mai.
Kven skal bruke skjemaet?
Det er leiaren av siidaandelen eller reinlaget som skal levere melding om reindrift. Ved felles siidaandel må leiarane bli einige seg imellom om kven som skal logge inn og sende inn meldinga på vegner av siidaandelen. Den andre leiaren får automatisk kvittering for søknaden i meldingsinnboksen i Altinn.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Forvaltninga hentar inn oversikt over kven som driv med reindrift og informasjon som skal bidra til å utvikle ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift.
Meir om skjemaet
- Etter innlogging kan du bytte språk mellom bokmål, nordsamisk og sørsamisk.
- Du kan ikkje gjere endringar i meldinga etter at ho er sendt inn.
Delegering
Du kan delegere rett til å fylle ut melding om reindrift til ein annan person eller eit rekneskapsfirma. Rettleiing om delegering finn du på nettsidene til Altinn. Merk at du framleis har ansvar for informasjonen som blir meldt inn, og at personen med delegert rett også får tilgang til å søkje om tilskot til siidaandelar og reinlag på vegner av siidaandelen eller reinlaget. For siidaandelar vil personen med delegert rett også kunne endre medlemslista til siidaandelen.