Alle som skal ha dykkarbevis.
Føremålet med dykkarbevis er å sikre at utføring av arbeid og bruk av arbeidsutstyr vert gjennomført på ein forsvarleg måte, slik at arbeidstakarane er verna mot skader på liv eller helse.
LOV 2005-06-17 nr 62: Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven)
FOR 2011-12-06 nr 1357: Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utførelse av arbeid)
FOR 2011-12-06 nr 1360: Forskrift om administrative ordninger på arbeidsmiljølovens område (forskrift om administrative ordninger)
Den som skal utføre dykking, skal ha dykkarbevis i klasse A eller B.
Dykkarbevis vert utferda på bakgrunn av fullført opplæring. Nærmere informasjon om dei ulike kvalifikasjonskrava for dykkarbevis går fram av forskrift om utføring av arbeid §§ 26-20 og 26-21. Varigheita på opplæringa skal vere minst 7 veker for klasse A, og minst 9 veker for klasse B.
Helseerklæring må fornyast kvart år for at dykkarbeviset skal vere gyldig.
Kurs vert halden av Høgskulen i Bergen. Andre private aktørar kan også halde slike kurs dersom dei oppfyller krava etter forskrift om utføring av arbeid og forskrift om administrative ordningar.
Ordninga med dykkarsertifikat tok slutt frå og med 1. januar 2013. Dykkarutdanninga, Høgskulen i Bergen, hadde ansvaret for sertifikatforvalting og -utferding av dykkarsertifikat på vegne av Direktoratet for Arbeidstilsynet. Ordninga omfatta sertifikatklassane S, R, I og III for innanskjers dykking. Sertifikatforvaltninga ved Høgskulen i Bergen vil inntil vidare vareta arbeidet med eksisterande sertifikat i form av registrering av helseerklæring for dykkarar og utferding av duplikat sertifikat. Kontaktinformasjon for kven du skal vende deg til finn du her.