Om denne tenesta

Frist for innlevering er 10.05.

Det er norskregistrerte føretak ved Oslo Børs/Oslo Axess som skriv ut aksjar, obligasjonar og/eller eigenkapitalbevis, som skal svare på skjemaet. Merk at rapporteringsskjemaet ikkje skal sendast inn av obligasjonsutskrivarar som er nemnde i unntaksvedtaket i Forskrift til verdipapirhandelloven (verdipapirforskrifta) § 13-2 ledd to. Dei som er nemnde er: staten, Noregs bank, kommunar, fylkeskommunar, kommunale og fylkeskommunale føretak, samt interkommunale selskap.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør her. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Finanstilsynet skal føre kontroll med den finansielle rapporteringa til norskregistrerte føretak ved Oslo Børs/Oslo Axess som skriv ut aksjar, obligasjonar og/eller eigenkapitalbevis. Rapporteringa dannar grunnlag for den risikobaserte utveljinga av aktuelle tilsynsobjekt blant dei børsnoterte utstedarføretaka som rekneskapskontrollen omfattar.

Norskregistrerte føretak ved Oslo Børs/Oslo Axess som skriv ut aksjar, obligasjonar og/eller eigenkapitalbevis, skal svare på skjemaet.

Dersom føretaket er eit konsern eller ein del av eit konsern, skal konsernet leggjast til grunn for val av svaralternativ.

Spørsmål om skjemaet?

Mer informasjon finnes på Finanstilsynets nettsider 
eller send e-post til KRT1003-rapportering@finanstilsynet.no 

Åpne kontaktskjema